Hjulskifte

Vi tilbyr dekk og hjulskifte på alt frå små personbilar til store anleggsmaskiner.

Hos oss får du rask og trygg hjelp med hjulskift, enten det er tid for å bytte mellom sommar- og vinterdekk, eller du skal sette nye dekk på felgar. Våre erfarne fagfolk sørgjer for at hjula dine blir monterte korrekt og sikkert, slik at du kan kjøre trygt vidare.

Vi har eit stort utval av kvalitetsdekk på lager, inkludert kjende merkevarer som Bridgestone, Firestone, Michelin, Nokian og fleire. Dette gjer at vi raskt kan hjelpe deg dersom du treng nye dekk.

Kva tid bør du bytte dekk i Noreg?

I Noreg er det krav til at bilistar tilpassar dekka etter sesongen:

Sommar – til vinterdekk: Vinterdekk bør vere på plass før første frost eller snøfall. Piggdekk kan brukast frå 1. november til første måndag etter 2. påskedag (15. oktober til 1. mai i Nord-Noreg).

Vinter – til sommardekk: Når våren kjem, og det ikkje lenger er fare for glatte vegar, må piggdekk fjernast innan fristen.

Krav til dekk personbil og varebil opptil 3500kg

Mønsterdybde:

For vinterdekk er minimumskravet til mønsterdybde 3 mm, men vi anbefaler minst 4-5 mm for best mogleg grep på snø og is.For sommardekk er minimumskravet 1,6 mm, men vi tilrår minst 3 mm for tryggare kjøreeigenskapar på vått underlag.

Riktig type dekk: Vinterdekk er spesiallaga for å gi godt grep på is og snø, medan sommardekk gir best yting på våte og tørre vegar i varmare temperaturar.

Lufttrykk: Riktig lufttrykk er avgjerande for sikkerheit, drivstofføkonomi og levetid på dekka.

Kva vi gjer under hjulskiftet:

Forberedelse: Når du kjem til oss, sjekkar vi inn bilen din i kundemottaket. Hugs å ta med nøkkelen til eventuelle låseboltar på felgane.

Rengjering: Vi fjernar skit og rust frå kontaktflatene mellom hjul og bil. Alle hjul vi tar av bilen vert vaska i våre dekkvask maskiner for å sikre eit godt resultat under balansering.

Kontroll: Vi sjekkar mønsterdybde, lufttrykk og den generelle tilstanden til dekka dine.

Balansering: Vi balanserer dekka for å hindre vibrasjonar og ujamn slitasje.

Montering: Vi monterer hjula med korrekt moment.

Lufttrykk: Vi kontrollerer at lufttrykket er korrekt før du køyrer vidare.

Medan du ventar, kan du slappe av i vår kundelounge med ein kopp kaffi. Vi tilbyr også dekkhotell der vi oppbevarer dekka dine trygt til neste sesong.

Velkomen til Førde Vulk – din lokale spesialist på hjulskift og dekktenester, med eit breitt utval av kvalitetsmerkevarer og hjelp til alt du treng for trygge køyreturar!

- Din lokale leverandør av dekk og dekk relaterte tenester.

Kontakt Oss
Åpningstider

Mandag – Fredag

07.30 – 16.30

Laurdag

09.30 – 14.00

© Førde Vulk 2024